Tilbake

Hans Perså og huldre.

NORSK ORIGINAL

Hans Perså og huldre. Hans Perså vart ei tid så forfulgt av ei hulder. Ho skulde vera så urimeleg vakker denne huldre. Ho kom til honom ette at han var gift og. Hans Perså var ikkje meir enn så passeleg dristi med denne tråsøkne huldergjenta, og gjekk difor altid med kniv på seg, og då hadde huldre ingen makt over honom. Men eingong hadde han gløymd å ta kniven på seg, og så kom huldre. Hans Perså vart både redd og sint. Han gjekk med treklompane på føtene, og så tok han eine treklompen og kasta ette huldre. Klompen kom så, at huldre fekk han midt i andlitet. Men slaget det fekk han sjølv, og han fekk eit mein i andlitet og det meinet fekk han ha til sin døyan dag.
Informasjonom sagnet og kilden