Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Han [Tøger] var so ofte i beit med huldrene. Han låg ofte og kvilde i ei løa i Kvilehall-lidi, og då kom det alltid ei hulder og låg med han. Eingong trefte det til at kjerringi hans låg i løa med han. Um kvelden kom huldregjenta og, men då sa han: "Du fær gå att i natt, mor mi, for eg har kjerringi mi her i kveld." Men då gret huldregjenta so han vart blaut over heile hovudet. Kona vart so forundra på kven han snakka med. Ho såg ingenting. Dette fortalde han eingong i ein likburd so både presten Frøse og andre høyrde på. Eingong kom det 5 huldrekvinnfolk inn i løa og trykte seg på han. Alle vilde attåt han. Men då sa han: "Ligg eg i vegen, so skal eg gå, eller so skal de gå." Då gjekk dei alle so nær som den fripika hans.
Informasjonom sagnet og kilden