Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 52816. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52816
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 52816. ML category: ml5095 (Nærsøken hulder). Collector: Ragnvald Mo. Place: Fauske. County: Nordland. Archive signature: NFS Ragnvald Mo 3, s. 64f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52816 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52816/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Det var alt med han [morfar] var glunten dette; det var endå i forløvvadagå hans, nyss før han skulde gifte seg. Ja, so hadde han vore uti Skjerstad og spela i eit brudlaup der. Han var flink spelmann han morfar og for mykje og spela ei tid.
På vegen heim råka han frami eit villt framandt kvinnfolk. Ho kom åt honom og handhelsa og vistes so meir enn kjend. Han blei standande som ein takk for sist og berre skjemtes. Men han visste slett ikkje å minnest han hadde set dette kvinnfolket før, og so laut han segja som sant var, han var ikkje sopass til kar han visste å få kjenning på henne, sa han. Spurde so kvar ho var ifrå. Ho var frå Sandnes, sa ho. Frå Sandnes? undrast han. Der budde då ikkje folk, det han visste. Men med det same ranns det i honom, og han skyna kva slags knette dette var. Og so blei han ikkje gamal der.
Sidan, sumaren og hausten frametter, viste ho seg for honom rett som det var. Og jamt var ho so til å halda seg inntil honom. Han vart sistpå reint forkomen for dette kvinnfolket; ho var etter honom jamt og samt. Sistpå tordest han ikkje gang ut etter det var myrkt.
Men so kom det ei gammal kjerring dit til Os, det var ei som for slik og rak, og folk visste ho var litt meir enn andre i mangt. Ja, so fortalde dei um dette underjordiske kvinnfolket, og spurde kjerringa um ho kunde sei dei nokor råd til å bli kvitt henne. Då drog kjerringa ein ring av fingeren og rette mot honom morfar. "Ta no dainn på de", sa ho. "Datta e sølv som e arva tre gonga". Og fyrst ho no viste seg dette kvinnfolket, so skulde han berre gang imot henne og handhelsa.
Ja, han gjorde som han var tilsagd. Fyrst kvinnfolket viste seg, stussa han på og handhelsa. Men då blei ho brått burte, og etter den dag såg han ikkje meir likt til henne.