Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Det var ein til kall på Røkland; han var so jamt i kast med huldra der på Knikthågen. Namnet hans har eg no gløymt; men det var ikkje denne Peter Bentso, eg før har tala um. Ja, han var jamt ute for henne denne. Og ho var so til å klina seg innpå han, so han lika ikkje noko på dette selskapet. Med- kvart for han og kjesta henne frå seg; men ho tedde seg fram att, og var like nærsøkjen. Men ein gong fekk han gjera henne eit bra pek. Han dreiv på og kløyvde ein stokk; og ho sat um- skrevan på same stokken. So lura han seg til å slå or ein kile, og det bar no fast med rumpa hennar i klovningen. Men då fekk han sjå til spel! Ho sleit og arbeidde til ho var so arg ho berre frøste; og dette endast med det ho sleit rumpa av seg. Men då strauk ho sin veg. Og kallen vart no skilt med henne for godt.
Informasjonom sagnet og kilden