Tilbake
Sitering
Kort referanse
Huldre-elsk. Norske sagn, ID 52809. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52809
Utvidet referanse
Huldre-elsk. Norske sagn, ID 52809. ML category: ml5095 (Nærsøken hulder). Collector: Olav Nordbø. Place: Bø. County: Telemark. Archive signature: NFL 56, s. 40. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52809 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52809/
Huldre-elsk
NORSK ORIGINAL
Huldre-elsk.
Det var ei uldregjente som var so galen etter ein gut som
var so ven og vellaga. Ho kom til han om nætane og sette seg
på sengjekanten og vilde ned for tvert ligge med han. Han
læste døra godt og vel, men det nytta ikkje noko. Ho slapp inn
hoss det var laga, såg det ut til.
So vilde guten ikkje ha noko med ho å gjera. Han skjønna
kva slags kvinnfolk det var. "Eg har ei annan gjente æg æ gla'
i," sa 'n. Henne vilde han ikkje svike. "Ja, dæ ska' du kommå
te trega på," sa uldra, "de ska' aller kåmmå te gå deg godt.
Dæ ska du få bli vare. Du ska' aller koma te bli gift og armoa
ska' vera din visse følgjesvein." So gjekk det au. Guten blei
gåande sveinkall all sin dag, og han fór til sist gard imillom
og bad seg.