Tilbake
Sitering
Kort referanse
Tussegjenta frir. Norske sagn, ID 52814. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52814
Utvidet referanse
Tussegjenta frir. Norske sagn, ID 52814. ML category: ml5095 (Nærsøken hulder). Collector: Kjetil A. Flatin. Place: Seljord. County: Telemark. Archive signature: NFL 21, s. 17f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52814 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52814/
Tussegjenta frir
NORSK ORIGINAL
Tussegjenta frir.
Gamle Hallvor Sveinsson Utgarden livde i fysste helvti av
1800-tale. Ein dag var han paa veg uppyvi til Finndal, ein
stoule i Selgjord. Det leid alt langt paa kvelden og var kolmyrkt
daa han kom til Torslid, ein stoule lenger nede, og so krabba 'n
inn i eit sel der og la seg.
Utpaa notti vakna han. Daa skein maanen so blankt inn i
sele, og Hallvor vart liggjande ei lang slotu og ikkje fekk sova.
Daa kjem det inn ei ung ven gjente, stasleg er ho klædd, og snaal
og sneddi paa lage. Ho gjeng beint burt til Hallvor og set seg
inn paa sengjekanten.
"Gu'kvell, Hallvor!" segjer ho med eit klingande mæle, og
gjev seg til røda og skjemte, plent som dei skulde vori gamle
kjende.
Daa ho hadde siti eit bil, so slo ho frampaa um at Hallvor
var so tilaarskomin no, at han laut tenkje paa aa gifte seg.
"Aa tek du meg te kjering," sa ho, "saa skaa du ikkje trega
paa dæ; eg skaa seta deg te vælstann aa lykke, saa du skaa
bli den gjævaste mann i bygdi."
Ho kridde paa um detta ei lang slotu og var so strid, at det
var kje maate paa det. Hallvor vart reint brydd, han, og laag
berre og humstra og fekk ikkje eit ord for seg.
Um ei stund kom der inn ei gamall kone au. Ho var fælske-
leg ljot og stygg, hadde lange fæle tennar i yvikjeften og lange
krokute nasar. Ho kom au burtaat sengi til Hallvor, tok paa
aa lægja og skjemte, og var endaa stridare paa at Hallvor
skulde trulova seg med den unge vene gjenta.
Ho var reint grov, den gamle, tok paa aa kitle Hallvor og
vilde draga klædi av 'n. Daa lo den unge gjenta.
"Vi bestemor fornærme deg?" sa ho.
Men slo tok Hallvor tollekniven sin og svinga yvi seg. Daa
drog kvendi seg utatt. Men i dynni vende ho seg den gamle
og sa:
"Men du kjem ei gong te trega paa detta teboe, Hallvor!"
So vart dei burte.