Tilbake
Sitering
Kort referanse
Det er eit satans verk å spela kort. Norske sagn, ID 52890. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52890
Utvidet referanse
Det er eit satans verk å spela kort. Norske sagn, ID 52890. ML category: ml3015 (Fanden i kortlaget). Informant: Anne i Espelibrøta f. 1845, d. 1939. Collector: Knut Hermundstad. Place: Etnedal. County: Oppland. Year: 1929. Archive signature: NFL 55, s.57f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52890 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52890/
Det er eit satans verk å spela kort.
NORSK ORIGINAL
Det er eit satans verk å spela kort.
På ein av gardane nørdst i Bagn var det ogso so ubøtteleg
mykje kortspel i gamle dagar. Ein gong hadde kortspelarane
sete saman i eit køyr i mange dagar. Der visste dei ikkje ordet
tå før det kom inn ein kar som gav seg til spela kort med dei.
Då dei hadde spelt ei tid, la dei mark på at framandkaren
tok til å vekse so svært. Dei fekk ogso sjå sumt anna som sette
agg i dei.
So sende dei bod etter presten. Han kom, men utan krage.
Då sa dei:
"Du får nok fara heimatt etter krage og kappe, far. Du har
nok ikkji butt de te å ta denne kar'n."
Presten heim og hadde på seg krage og kappe. Snart var
han på garden att. So mana han styggen til fara opp gjennom
peispipa. Men i peisen stod det ein omn. So laut han pinast
gjennom omnen, og so bar det opp peispipa so eldfræsen stod
etter han.