Tilbake

Haugakvinnfolket som kravde for og tøy til kjol åt ungen sin

NORSK ORIGINAL

Haugakvinnfolket som kravde for og tøy til kjol åt ungen sin. Det var ein gong ein kar som gjekk i fjellet og leitte etter øykene sine. Best det var, kom det til han eit kvinnfolk, som han ikkje unngjekk. Eit års tid etter gjekk han i fjel- let att. Då råkte han på den same gjenta. Ho gjekk då med ein liten unge på armen. Men no var ho ikkje so fegi som sist. No kravde ho at mannen skulde vera far åt ungen ho bar på, og so vart det spørsmål etter klede. Ho gav seg ikkje før mannen laut få tak i tøy, som han la på ein avtala stad. Då haugagjenta - for ei slik ei var det - hadde sytt kjolen, kom ho til mannen og sa: "Kjolen vart både vian og sian, men de vanta erma!"
Informasjonom sagnet og kilden