Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Dette som eg no skal fortelja hende paa ein gard uti Beindale (i Sør-Aurdal). Det var um sumaren. Dei var flutte taa vestaasen og paa heimaasen med krøteri. So ein dag vilde mannen vestatt og køyre ut møki og køyre noko ved til andre sumaren. Daa mannen hadde slutta aa arbeide um dagen og var te husan att komen, so kjem kjerringi hans, som han meinte, inn. Ho spurde etter kalvane deira. Dei hadde vorte burte, let ho. Men mannen svara at noko kalvar hadde ikkje han set der. Daa dei so hadde prata lite, gjorde "kjerringi" seg ferdig og hadde vilja gaatt paa heimaasen att. Men so seier mannen det: "Det blir myrkt paa dé no. Du faar vera her te i morgas". Det var halvlangt aa gaa paa heimstølen. Ja, ho gav seg te. Og om morgonen tidleg gjekk ho på heimaasen att, etter som ho sa sjølv. Daa mannen var ferdig paa vestaasen, skulde han heimatt; men so gjekk han inn paa heimaasen. So spør han kjerringi: "Fann du att kalvad'n dine, daa!" Kjerringi hans vart lite forstøkt og svara: "Kalvad'n vaare! Dei ha ikkje vore burte, dei!" Dermed gat ikkje mann'n meir, som væntande kunde vera. So var det hausten etter. Mann'n brukte at han slepte hestane sine burt i ei utmark burti skogen. Ein dag so vilde han ha fat i dei. Han skulde te bruke dei. Og han te leite i denne utmarki alle stader; men ikkje fann han hestane. Men so han gjekk der, vart han braatt var ein uppbygd gard. Dette vart han undren over, for han visste ikkje taa at han hadde set nokon gard der før. Likevel vilde han gaa inn og spyrja etter hestane sine. Daa han kom inn, so var det tvo kvinnfolk inne, ei ung og ei eldre, og so laag det ein lit'n unge på golvet. "De har ikkje sét te hesto mine her!" sa mann'n. "Jau", sa den yngste, "dei tok dei nok her og brukte dei lite", sa ho, "men dei kjem trast atte paa den stella dei tok dei; - men kjenne du denna vesle so ligg der, du?" sa ho og peikte paa ungen paa golvet. "Nei!" sa han. "Denna vart te i fjor daa kjerringi var hjaa dé og leitte ette kelvo dikka", svara ho. "Ja, è dè sant, so faar han faa eit lite minne taa mé", svara mann'n og tok taa seg ei bringesylje og gav ungen. Daa gjekk den yngste, mor aat ungen, stad fann ei gresk sylvkanne og gav honom. Daa han skulde gaa att, sa den yngste te honom: "Ner du no ska gaa utatt gjøno døre, maa du vera svint te kaste dé te sides med de same du kjem ut, for mé bruke aa kaste varmt ette slike so har vøre inne". So so mann'n kom ut, so spratt han svint tesides. Daa kjem det ei raud jannstong etter han, so neistrane spura taa 'n. "Raakte mé dé!" sa det. "Nei!" sa han. "Det var bra!" svara det. Sylvkanna som mann'n fekk, ska vera paa garden den dag i dag.
Informasjonom sagnet og kilden