Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

I Emhjella var der eingong ein tule med ein av mennene der paa gara. Denne guten vart ute for ei av dei blåklædde som tok til aa halda seg etter honom. Der guten for, same kvar det var, var ho koma og, men han brydde seg ikkje om denne huldre kjellja. Sat guten inne i staua kom gjenta inn og, men ho gjekk aldrig so langt inn paa golve som fram om beten. Det kunne hænde at guten daa kunne take eit av borna i huset paa armen aa fara aa drøle med det. Dette likte vist ikkje huldregjenta for ho tok til aa draga paa brynene aa saag fælt sur ut. – Det var ingjen av dei andre som fekk auga paa denne huldra, berre guten saag henne. So var det julafta, daa vart husbonden viss med at denne guten tok ikkje fred. Han barst ut, kom innatt, for ut aa slik [heldt] han paa heile dagen. Det var som det skulde vore noko som drog honom. Husbonden skyna at det var noko som vilde faa guten bort i ostøplene. Daa det leid paa kvelden aa guten gaar aa vimsar paa golve aa liksom prøver skal persa seg til ikkje aa gaa ut, gaar mannen bort i bokhylla, finn fat i Kingo salmebokja aa so syng han eit vers ut or denne. "Far ut herfra du onde aand, gaa ut til dine like" o.s.v. Daa miste gjenta makta over guten aa sidan vart han ikkje ute for henne meir.
Informasjonom sagnet og kilden