Tilbake

Kvitorm

NORSK ORIGINAL

Kvitorm. I Engeberget ved Torpantjenne har dei set kvitorm gamalt. Og likeeins i eit berg austan Hammarlia. - Ein dag fekk han Lars Fjell sjå ein kvitorm der ved Hammarlia. Og denne ormen låg på ei lita steinrøys. - Han var itte mye stor, sa han Lars, - på lag som ein høggørm og rundt hærsen hadde den ein raugul ring. Da denne ormen fekk sjå han Lars, beit han seg i halen og rulla seg bort som eit hjul i lynget. Ho gamle Andrea Enga nemnde at feittet tå denne ormen var bra mot mye slags sjukdom på folk som fe. Det var og ei gamal tru at fekk ein i seg tå dette feittet, så ville ein makta sjå meir enn andre. På Fjellskogen var det ei kjerring som slo i hel ein slik kvit- orm og koka feittet tå den til lækjemiddel. Medan gryta med ormen småkoka i gruva, gjekk kjerringa nedi fjøset for å sjå om ei ku som snart skulle kalve. Medan ho var i fjøset, gjekk den vesle smågjenta hennar borttil gryta og smaka på søet. - Da kjerringa kom inn att frå fjøset, så sa den vesle dotter hennar: - A Drøple får ein botet okskalv i kvæll. Og slik gjekk det.
Informasjonom sagnet og kilden