Tilbake
Sitering
Kort referanse
Havfrua gjev råder, mel. a. om fisketidi. Norske sagn, ID 52840. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52840
Utvidet referanse
Havfrua gjev råder, mel. a. om fisketidi. Norske sagn, ID 52840. ML category: ml4060 (Sjøvetter gir råd). Informant: Torleiv Rye, f. 1866. Collector: Knut Hermundstad. Place: Nord-Aurdal. County: Oppland. Year: 1936. Archive signature: NFL 99, s. 169f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52840 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52840/
Havfrua gjev råder, mel. a. om fisketidi
NORSK ORIGINAL
Havfrua gjev råder, mel. a. om fisketidi.
Han far sa meg denne soga:
På Bø i Ulnes i Nord-Aurdal budde det ein gong ein mann
dei kalla Ola Toresson Bø. Så var det ein vår det var så turt
og varmt, han Ola stod på låven sin og treskte. Den tid var
handvølen og slagvølen på tusti festa i hop med ei tustevie.
Ho rauk av så jamt. Han hadde difor lenge tenkt på kva som
var seigast til tustevie.
Med han Ola stod der og treskte som likast, høyrde han
brått ein fæl jammer ned ved Strøndafjorden rett ned for Bø.
Han kasta frå seg tusti og la på sprang. Det måtte vera nokon
som var i livsfare og som trong hjelp. Då han kom ned til fjord-
strondi, sat det ei havfrue på fjøresteinane. Ho spurde Bø-
mannen om han ville bera henne over åsen og sleppe ho ut i
Sæbufjorden. Ho hadde ingen ting å gje han for umaken, sa
ho, men han skulle få gje henne tre spørsmål, som ho ville
svara på.
Bø-mannen spurde då:
"Ko æ dæ so æ seigast te tustevio?"
Ho:
"Kelvehedne, du gelne mann!" svara ho litt morskt. Ho totte
han var dum til å spørja.
Så spurde Bø-mannen:
"Når æ beste fisketie?"
Ho:
"Du ska freiste alla tie!"
Det tredje spørsmålet hans var det dummaste av alle. Han
spurde:
"Ko æ dæ so æ best tå skvimplekjidne enn skvamplekjidne?"
Havfrua svara sint i målet:
"Du æ ein gal mann te spørja! Ha du endå sport me etter
ko dæ bli tå lagavatne, so vørte dæ delt ut i fingerbjørvis!"
Ja, mannen, stakkar, laut bera havfrua over åsen og setja
ho ned i Sæbufjorden, og er ho 'kji daud der, so lever ho
enno. -
Lagavatnet som havfrua nemnde, meiner eg er det same som
staupløg. Det er det vatnet som ein bløyter det kornet i som
ein lagar malt av. Dette kunne ein koke inn til ei tjukk væte,
staupløg. Det var ei framifrå råd for vre, støyt og gikt. Jamvel
brukte dei det for kyr, som hadde beinsjuka, og gode att vart
dei. For 25 år sidan laga eg 3 flaskor staupløg, som eg nytta
til medisin, så eg veit kva eg talar om.