Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Elles ser det ut té at det var grensor for kva hinannen kunde tòla tå vondskap og synd. Vart det for gale, skapte han seg um, stundom té ein hund, og kom og skræmde folk ifrå syndevegen. Mest truleg er det at det var ein høgare makt som sende honom i slike ærend. I Simadalen sat det eit lag og drakk og spela kort um pengar. Ein ta spelarane kom té sleppa ned eit kortblad. Då han lutte seg og skulde taka det uppatt, vart han vis med ein svart hund under bordet. Han sat og heldt bladet imillom framlabbane sine. Det er på lag hundrad år sidan dette hende (Eidfj.).
Informasjonom sagnet og kilden