Tilbake
Sitering
Kort referanse
Havfrua. Norske sagn, ID 52842. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52842
Utvidet referanse
Havfrua. Norske sagn, ID 52842. ML category: ml4060 (Sjøvetter gir råd). Informant: Elias Dyrland. Collector: Svale Solheim. Place: Skudenes. County: Rogaland. Archive signature: NFS Svale Solheim 1, s. 13. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52842 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52842/
Havfrua
NORSK ORIGINAL
Havfrua.
Ein fiskar her frå Ferkingstad vart eingong på sjøen ute for havfrua. Han sat og pilka, og for å vera heilt trygg for at ikkje vonde makter skulde gjera han noko, hadde han teke tolekniven i den handi som han heldt snøret med. - Best som han sat slik og drog i snøret og fylgde kniven med augo, vart han var havfrua på tofta ved sida av seg. Han stokk litt, men tenkte so det var rart at ho ikkje var redd stålet i kniven. - "Du sit fårlegt", sa han til henne - "Du har ete fårlegt," svara ho, - "du har ete uskuma fisk, og det bør du vara deg for." Etter ho hadde sagt dette, kvarv ho burt, og fiskaren såg henne aldri meir.