Tilbake

Draugen på Lofotvegen

NORSK ORIGINAL

Draugen på Lofotvegen. På ferda til Lofoten brukte dei før i tida å setja båtane på land om kveldane. For å letta uppsetjinga ha' dei med 4 laus- lunnar i framskuten på båten. Så var det på ei Lofotferd at eit båtlag vart så utsett med at årane ikkje fekk liggja i fred. Når ein skyt årane inn i båten, skal åreblada alltid snu attover i båten, årelommane fram. Det gjorde desse folka òg; men når morgonen kom, var årane snudde. Så ein kveld med spak syd- vest og fint yreregn fann høvesmannen på at han skulde gå og sjå etter kven det var som fór og rumstera i båten deira. Då han kom ned til båten, var alt som vanleg, båten stod uppsett, og årane låg på sin vanlege plass. Mannen hukte seg då ned og la seg på lur attmed framstamnen på båten. Leid fram mot mid- natt, kom det ein kar upp av havet og tok til å rumstera i båten. Først sette han seg på baktofta, skaut ut årane og lest ro. "Nei, her måta dæ ikkje!" sa han og skaut så årane rangveges inn i båten. Han prøvde i alle roma, men like eins vart det, det høvde ikkje. Men då han kom på framtofta og sa: "Her måta dæ ikkje," så sa mannen: "Men her måta dæ for me." Og så greip han ein lauslunne og deisa til draugen, og han på hav så fort at berre grønålen stod etter honom.
Informasjonom sagnet og kilden