Tilbake
Sitering
Kort referanse
Hulder i Øksendal. Norske sagn, ID 52855. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52855
Utvidet referanse
Hulder i Øksendal. Norske sagn, ID 52855. ML category: ml5080 (Be huldrefolk om mat). Collector: Knut Strompdal. Place: Vefsn. County: Nordland. Archive signature: NFL44, s. 18. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52855 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52855/
Hulder i Øksendal
NORSK ORIGINAL
Hulder i Øksendal.
På Stormoen ved Øksendal i Vefsn skulle det vera sju gran-
nar, fortalde folk, og alle var dei usynlege. Og noko mystisk har
det vore og er det endå med den moen. Det går ein veg i kanten
av moen. Eingong var det skogbrann på øvre sida av vegen,
det brann så det vart ikkje ståande att eit einaste tre ovan vegen,
men lenger enn til vegen kom branden ikkje, det var som tvert
avskore der. Folk trudde det var dei underjordiske, som sløkte
elden, då han kom dit.
...
Det var eingong eit par gjenter, som gjætte krøtera i kanten
av moen. Då høyrde dei det byrja kinna inne i eit berg. Dei sa då
for spas: "Lett oss få kinnebete". Dei laut strakst etter avstad og
jaga kyrne, for dei heldt på å koma inn på lende dei ikkje hadde
lov til å fara på. Då så gjentene kom attende, så låg det to kinne-
betar til dei. Den eine av dei to gjentene åt sin bete, den andre
ikkje. Men ho som ikkje åt sin, ho vart aldri så ho vart mat-
eigande, så smått vart det for henne.