Tilbake

Den svarte hunden er med ved kortspel

NORSK ORIGINAL

Den svarte hunden er med ved kortspel. På ein stor gard ut i Ådale budde det for lang tid sidan ein mann som var so fæl te spela kort. Stødt og stendig heldt han kortspelhus, og ofte spelte han tå folk alt dei åtte. Ein gong med dei spelte kort som likast, kom det inn ein framandkar. Han vart då var at det låg ein stor, svart hund under bordet der dei sat og spelte kort. Då ingen der i huset hadde nokon hund, var det lett å skjøne kva slag hund det var, som låg under kortspelbordet.
Informasjonom sagnet og kilden