Tilbake
Sitering
Kort referanse
Gutan' fekk klining. Norske sagn, ID 52859. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52859
Utvidet referanse
Gutan' fekk klining. Norske sagn, ID 52859. ML category: ml5080 (Be huldrefolk om mat). Collector: Edvard Grimstad. Place: Ringebu. County: Oppland. Archive signature: NFL 62, s. 85f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52859 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52859/
Gutan' fekk klining
NORSK ORIGINAL
Gutan' fekk klining.
Det var to gjætargutar som stødt gjætte i hop bølingan'
på fjellet. Ein dag kom dei på eit stelle der kua pla kvile
når ho kom dit. Kua la seg, og gutungan' la seg ved kvar
si bjøllku og heldt i bjøllklaven, så dei skulle vakne når
kua reiste seg. Da dei hadde legi ei stund, fekk dei høyre
likesom det var nokon som stelte på ei seter. Dei høyrde
det tok til å kinne, og nokon skura koppar. Da sa eine
guten: "Ja, nå skulle eg ønskje meg ein god rumklining."
"Det same gjer eg," sa den andre. Om lite sovna gutan'.
Da dei vakna, låg det ein klining til kvar av dei der. Da
sa den eine, han heitte visst Sjøning: "Eg har ønskt meg
ein, og eg skal eta han med." "Nei!" ropa den andre, og
tok kliningen og hivde han. Men da fekk han ein under
øyra så han rulla eit langt stykke.