Tilbake
Sitering
Kort referanse
Kjinnklenning. Norske sagn, ID 52863. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52863
Utvidet referanse
Kjinnklenning. Norske sagn, ID 52863. ML category: ml5080 (Be huldrefolk om mat). Collector: Ragnvald Mo. Place: Salten. County: Nordland. Archive signature: NFL 37, s. 120f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52863 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52863/
Kjinnklenning
NORSK ORIGINAL
Kjinnklenning.
Ho Sara Moritsen var i Aspåsen (Bodin) og gjætte. So
kjende ho seg trøytt og la seg attpå. Men dentid ho vakna, låg
det tre lefsklenningar på ei tuve attmed henne. Endå dei vistes
både kvite og pene, so tordest ho ikkje ta dei, ho Sara. Men
um natta drøymde ho klenningane; og so syntes ho det kom eit
kvinnfolk åt henne og sa: "Du kunn jerna ha ete klenningann,
du Sara; so skulde da inkj ha trote mat i ditt hus."
To småvekjor i Saksenvik (Saltdal) vart ute for noko av det
same. Dei var i gjætarskogen; so sat dei og spela seg uppå
ein stein. Men alt medan fekk den eine høyra det kinna attmed.
"Høyr dar! No få vi vel kjinnklenning."
"Datte skuld du inkj ha sagt," sa den andre.
So laut dei ned av steinen som snarast; dei var og snudde
kretura. Men då dei kom baker, låg det to lefsklenningar på ei
tuve der. Ho som hadde høyrt det kinna, tok den eine og åt;
men den andre våga seg ikkje på sin; ho let hunden få den.
Men det var ikkje bra. Det la då i å ropa: "Du som åt, ska
ha mat tel din dø; men du anner ska tigg ve kvar manns dør."
Og slik gjekk dette; den eine kom til stor velstand; men den
andre fekk det so smått ho laut be mat i gardane.