Tilbake

Pukjenn og kortspelarane.

NORSK ORIGINAL

Pukjenn og kortspelarane. I Ned-stuen på Romundstad heldt dei før eit syndigt hus kvar einaste helg, med dans og drikk, men mest med kortspel, som dei heldt på med langt ut over nettene. - Pengane rulla og korta vart med dunder og dask slengde i bordet, og banningar lyste innimillon. So var det ein kveld dei heldt på med dette levenet at kjerringa på garden gjekk ut so snarast. - Då rulla der som eit gloande hjul utfor Stupberget. Det fræste og gni- stra lang veg av det. - Kjerringa vart so redd at ho sprang inn att på timen. - Då var der komen ein framandkar inn i stugu. Han sat alt og spela ilag med dei andre ka- rane. - Vann gjorde han i kvar umgang. Og det var ikkje lenge før han hadde gjort reint bordet for pengar. Dei tok til å fæle karane og reiste seg frå bordet. - Men då var framandssellen burte. Då var det einkvan som kika under bordet. Der låg ein diger svart hund med gloande augo. - Då skyna alle kven det var. - Pukjenn var det, og in- gen annan. - Ingen var god for å få han ut; for dei var ikkje stive i lestren nokon av dei. - Men ein husmann under Romundstad, heitte Ola Legje, kunde med sovore. Han vart henta; for han hadde eit blad or Svarte-boka. Han hadde tent hjå gamle presten Finkenhagen, og so hadde han fenge tak i eit blad av boka. Ola kom. - Han såg kvasst på hunden som låg og vifta med rumpa. - So sette Ola eit lite hol med ei nål i blyet i glaskarmen. - Tok so boka, og til å lese. - Jau, då tok beistet til å murre under bordet, og rett som det var, var hunden burte; og ein høyrde berre kor det kvein i glas- karmen med same han fór gjenom. Men det vart slutt med kortspelet etter den dag.
Informasjonom sagnet og kilden