Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53817. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53817
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53817. ML category: ml6015 (Huldrefolk på julegjesting). Collector: Sjur Bøyum. Place: Balestrand. County: Sogn og Fjordane. Year: 1928. Archive signature: NFS Sjur Bøyum 1, s. 5f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53817 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53817/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Huldrene på Kvamme.
På ein gard i Kvamme kom nokre huldrefolk kvar jol og heldt gilde. Folki på garden laut røma. Huldrene kom inn med donteriet sitt, og dekte upp på bordet med mat og øl og vin, og alt det som godt var.
Ein julafta kom det ein framandkar og bad um hus. Han hadde ein kvit hund med seg. Mannen på garden stod ute og hogde ved. Han sa til den framande: "Me kan ikkje vera her sjølve i husi våre, for joleskreidi plar koma, og då må me røma". Den framande sa at han var ikkje redd, og so la han seg upp på røykomnshjellen, og låg der løynd med hunden sin. Best det var kom fylgjet ståkande. Det sette på bordet rikeleg med mat og drykk, og sette seg ned og skulde eta. Hovdingen sette seg i høgsætet.
Med same dei kom inn, gjekk dei og snusa og bar seg: "Fy, her luktar kristenmanns blod!" Men dei såg ikkje noko. So sette dei mat og drykk på bordet, og sessa seg rundt og skulde eta. Hovdingen deira sat i hågsætet. Han på røykomnen tok sikte på hovdingen, og skaut han, og hunden tok til å jaga dei ut. Huldrene tok daudingen imillom seg og for ut og jamra og bar seg: "Stokkute jul på Kvamme i år!" Alt som huldrene hadde havt med seg, både sylvbidne og anna, vart ståande att. Sylvhornet som dei hadde drukke øl av, skal enno vera på Kvamme.
Huldrefylgjet for innetter strandi med liket, til dei kom til Målhaugen, som skal vera ein gamal konge-gravhaug. Der sette dei yver fjorden til Vangsnes og for upp til Kongshaug. Der skal visa eit gilfar etter uppferdi deira til Kongshaug.
Året etter kom huldrene til Kvamme og let på døri og spurde: "Er ho pis på omnen i år og?" Men dei gjekk ikkje inn denne gongen, og dei for heim med so gjort.