Tilbake

KORTSPELARAR

NORSK ORIGINAL

KORTSPELARAR. I ei likferd paa Sandeid etter ein gamall legdamann var det at dette hende som eg no skal fortelja. Det var ei heil mengd med kaat ungdom som var med i lik- ferdi. Daa dei var komne heim att fraa kyrkjo og hadde fenge mat, daa tykte ungdomen det vart for lengje aa sitja inne og bia paa kveldsmaten. So gjekk dei inn til ein annan mann paa garden og sette seg til aa spela kort. Daa dei hadde spela ei stund, lagde dei merke til at eit kort var burte. Dei leita rundt alle stader, men ingen stad kunde dei finna det. Snart etter sakna dei eit kort til, og sameleis gjekk det fort vekk; det kom burt det eine kortbladet etter det andre. Dei leita baade paa bordet og i benken, men ingen stad var dei god til aa finna det som var burte. Paa resten kom dei paa at dei skulde leita under bordet. Der sat daa ein svart katt med eldaugo og heldt korti millom framlabbarne. Daa vart dei so redde at dei slengde fraa seg heile kortstokken. Mange av deim fekk slik ein støkk i seg, at dei aldri meir hev teke kort i hand.
Informasjonom sagnet og kilden