Tilbake

Han var lage til blive

NORSK ORIGINAL

Han var lage til blive. Ein gong var det ein gut som skyssa ein reisande langsmed eit vatn. Rett som det var, høyrde dei det skreik ut på vatnet: "Tie er komi, men mann'n inkji!" Då seier ferdamannen: "Ko ska detta seia?" "Jau," sa guten, "e è spådde at e ska gå me på vatn, e!" Då sa ferdamannen: "Gå ned åt vatne o ta fulle huva di med vatn o set ho på de, får du sjå kost de går!" Guten so gjorde. Han døydde med det same. Det er utruleg, men eg har høyrt det slik. Sidan veit eg ikkje meir seia.
Informasjonom sagnet og kilden