Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

I Rudsvika sat det nokre karar og spela kort ein kveld. Og håssen det så var, så vart karane usamse under spelet. Dei banna og vart høgrøysta. Som dei sat slik, datt det eit kortblad ned på golvet. Den eine karen lutte seg ned etter bladet, men da fekk han sjå ein liten og svart kar under bordet. Det fyrste kortspelaren fekk auga på var hesteskoen. Men strast etter vart puken borte. - Om lag det same hende på Langfoss, men der sat den vonde som ein svart hund under bordet. Her datt eit kort ned på golvet. Ein av dei usamse karane ville ta det opp att, men da heldt den vonde på å reisa med karen. Til all lukke kom Vingerstitten (sokneprest Mentz Rynning) innom garden. "Nå kåmmer Vingerstitten!" skreik den vonde, og strast etter var han borte.
Informasjonom sagnet og kilden