Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Det var sumar, og folk var på stølen. So var det ein gong dei var ute og slo. Då hadde det kome inn ei hulderkone og vilde verma barnet sitt attmed elden. Men då slåttefolka kom inn, sat ho der endå med barnet sitt. Ho skunda seg og samla i hop barneklæda og skunda seg ut; men då hadde ho gløymt att linden. Slåttefolka vilde ikkje gjera hulderkona noko mein; difor tok dei ein pinne og pirka linden uppå benken. For dei visste at huldrefolka vilde ikkje hava noko som menneskehender hadde teke i. Dagen etter då slåttefolka var ute hadde hulderkona vore der, og teke linden og lagt ein gullring att i staden.
Informasjonom sagnet og kilden