Tilbake

Den vonde er med i kortspelet.

NORSK ORIGINAL

Den vonde er med i kortspelet. Ola Knutsson Bangsjordet tala om dette i 1927: Han beste- far var handelskar og for ofte til Branes. Ein gong kom han til å bli med eit kortspellag. Då spelte han bort alt han hadde med seg, hest, slede og lass. Best det var, kom det til honom ein bymann, som baud honom at han skulde lære han spela kort slik at han alltid vann. Men han vilde ha ti dalar for det. Dette gjekk bestefar med på. Då han hadde lært det han skulde lære, sette han seg til å spela att. Då vann han att alt han hadde spelt bort og dei 10 dalarane med. Det datt tilslutt ned eit kort. Då han skulde ta det oppatt, sat den vonde sjølv under bordet. Men då sa han stopp til kortspelet. Han spelte sidan aldri meir kort i heile sitt liv.
Informasjonom sagnet og kilden