Tilbake
Sitering
Kort referanse
Han Kjel var dau. Norske sagn, ID 53428. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53428
Utvidet referanse
Han Kjel var dau. Norske sagn, ID 53428. ML category: ml6070 (Budbringer for de underjordiske ("Dild er død")). Informant: Jens Bekk. Collector: Knut Strompdal. Place: Korgen. County: Nordland. Archive signature: NFS Knut Strompdal 11, s. 87. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53428 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53428/
Han Kjel var dau
NORSK ORIGINAL
Han Kjel var dau.
Ein gamal mann i Rydså fortalde eingong, at i eit flåg attmed eit enge i Stordalen under Rydså trudde dei gamalt, at der budde hulder. Ein mann frå Rydså var eingong i vedhogst inne i Stordalen. Då han hadde arbeid dagen og skulde gå heim, så skulde han gå framom det flåget der huldra budde. Det var noko skymt vorten då han kom dit, han tenkte då berre på å skunda seg heim og hulderbustaden kom honom ikkje i tankane. Best han gjekk skvatt han til med at det var ein som ropa til honom: Du mann, hels ho Kyla at han Kjel e dau, sa det. Det høyrdest koma ifrå hulderflåget. Mannen stogga. Ker e så ho Kyla, svara han attende. Ho Kyla e i garden og bakar, svara det frå berget. Mannen forsette så vegen heim. Komen inn fortalde han kva han hadde høyrt borte ved hulderberget. Det var ein som hadde ropa til honom, at han skulde helsa ho Kyla med at han Kjel var dau. Ikkje før hadde han sagt det før det vart eit rammel ute i kjøkenet, det høyrdest ut nett liksom ein i hastverk støypte kaka ned i ein sekk.