Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 52893. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52893
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 52893. ML category: ml3015 (Fanden i kortlaget). Collector: Lars M. Fjellstad. Place: Eidskog. County: Hedmark. Archive signature: NFL 74, s.55. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52893 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52893/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
På ein gard sat det nokre karar og spela kort. Og om litt
kom dei i tale om livet etter døden. Og den eine tå karane
meinte at det ikkje fanst noko sjel til, eller noko liv etter
dette. - Som dei sat og tala, kom det ein framand kar inn,
og han vart sidan med i spelet. Denne mannen hadde flust
opp med pengar, som han sette i spelet. Men tapte gjorde
han mest heile tida. Og om ei stund gav dei seg med kort-
leiken, og den framande karen kom inn på livet etter døden.
Om litt så spurde han den eine karen:
"Vil du selja sjela di?"
"Det kan je gødt gjera."
Da kasta framandkaren ein stor pengesum på bordet. Og
desse stakk så den andre til seg. -
"Men er det itte så at når ein kjøper hesten så føljer grima
med?"
"Jo," svara den andre.
Men da tok den framande, som var puken, mannen med
seg, og ingen såg noko meir til han.