Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53092. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53092
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53092. ML category: ml6025 (Vekker folk). Informant: Guri Robøle. Collector: Knut Hermundstad. Place: Øystre Slidre. County: Oppland. Year: 1933. Archive signature: NFS Knut Hermundstad 6, s. 190f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53092 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53092/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Myrebærhamaren ligg austa Etnestøl'n. No var det ein mann som var tenkt aa gaa etter bjørnen. Daa han kom burt mot Myrebærhamaren, vart han so søkkande trøytt. Han la seg daa ned paa bakken og skulde dubbe lite. Daa høyrde han so kvelt maal gjenom svevnen:
"Du faar vakne no, Ola. De rugga ein stor gris her austa hamaren!"
Ola upp! Og daa han fekk set seg um lite, rugga det ein aalvorleg stor bjørn burti hallen. Men daa var Ola ikkje lang aat før han sikta, og daa fall bjørnen fort. -