Tilbake

Gamlingen og kritringen

NORSK ORIGINAL

Gamlingen og kritringen. På Rokkås i Vefsn budde ei tid to brør som var så fæle til å drikka og spela kort. Dei spela kort for å få pengane av folk. Ein gong kom det ein framandkar og tok til å spela kort med dei. Men då måtte dei åt, framandkaren vann kvart spelet. Det tok til å verta usemje i laget, så det såg ut til slagsmål. Men så var det ein som slepte ned eit kortblad, og då han skulde taka det opp, så fekk han sjå framandkaren hadde klør på føtene. Då skjøna dei kva kar dei hadde med i laget. Dei sende då bod etter ein dei kalla Røss-Ola. Han kom straks, og då han kom inn, så teikna han ein ring, på golvet med eit kritstykke. Og ned gjennom den ringen mana han Gamlingen. Han kvinka og bad for seg, men ned måtte han.
Informasjonom sagnet og kilden