Tilbake
Sitering
Kort referanse
Mannen som flutte stallen sin. Norske sagn, ID 53569. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53569
Utvidet referanse
Mannen som flutte stallen sin. Norske sagn, ID 53569. ML category: ml5075 (Flytte fjøset). Collector: Sigurd Nergaard. Place: Elverum. County: Hedmark. Archive signature: NFL 11, s. 15f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53569 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53569/
Mannen som flutte stallen sin
NORSK ORIGINAL
Mannen som flutte stallen sin.
Paa ein gard her var det ein mann som hadde so magre
hestar alt meine. Det var det same kva stell dei fekk, so var
dei like skonkute. So var det ein julkveld han skulde aat stallen
og gjeva nattfor. Vel han daa kom innkring stalldøra, var det
som golvet opna seg under han, og han sokk ende beint ned til
han kom i ein sal der det var so fint so det var stygge tingen.
Paa eit bord var det framsett mat taa alle slag, og mannen
vart beden burt aat aa ta for seg taa maten. Fyrst sa han no
nei takk, for han hadde ikkje gaatt lang vegen; men dei meinte
paa at naar han no fyrst hadde kome der, laut han daa smaka
paa det som var framsett. Han fekk daa ikkje gaa ut att med
jula no sjølve julkvelden. So laut han daa setja seg burtaat.
Men ikkje var det mat som han kunde faa ned. Maten var
nok taa godt slag den; men det smaka møkjetrekk taa alt han
fekk i munnen, og det so ramt han orka ikkje faa ned ein bit
han.
"Ja naa ser du sjøl høssen det er," sa ein mann, som saag
ut til aa vera husbonden. "Slik er det alt meine med maten
vaar. Vi kann stella maten høss vi vil, han blir itte etandes.
Det rinn tur stallen din og ned i maten vaar, saa vi er mer
enn opraadde med det. Men vil du naa fløtta stallen din du,
saa har vi nytte taa det baade du og vi. Du skær faa nytte
taa hesta dine, og vi faar nytte taa maten vaar."
"Ja, det kann je nukk gjøra," sa mannen; "men je tyss da
je itte kann by'ne med det før over julhelga." Nei, det venta
dei ikkje. Vilde han berre ta paa med det daa so. Ja, det
skulde han. Og dermed stod han uppe i stallen att. Like over
jul tok han paa med arbeidet, som sagt var. Fraa den dag var
det alder noko um aa gjera med hestane hans, og det var som
lukka la seg aat heile garden sidan.