Tilbake
Sitering
Kort referanse
Vondemannen og kortspelarane. Norske sagn, ID 52900. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52900
Utvidet referanse
Vondemannen og kortspelarane. Norske sagn, ID 52900. ML category: ml3015 (Fanden i kortlaget). Collector: Knut Srompdal. Place: Vesna. County: Nordland. Archive signature: NFL 44, s.70. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52900 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52900/
Vondemannen og kortspelarane
NORSK ORIGINAL
Vondemannen og kortspelarane.
Ein handelsmann på Strand på Nesna var slik ein ivrig kort-
spelar. Var det ingen annan å spela med, så sat han inne og
spela kort med tjenarane og helst då drengen. Ein kveld sat dei
saman nokre karar i bårrstua og spela kort. Då dei hadde spela
ei tid, kom det ein framand kar inn og sette seg til kortspelbordet.
Og det var ein som hadde lag med korta, han sat i vinsten støtt.
Men så var det ein av spelarane som mista eit kort, det datt ned
under bordet dei sat ved. Han bøygde seg ned for å taka kortet
opp. Då fekk han sjå at framandkaren som spela med dei hadde
hovar.
No er det så med den vonde, at vert han oppdaga, så får
han straks sitt rette skap. Ikkje før hadde dei sett hovene før
framandkaren kom bort og i staden sat det ein hund på plassen
hans. Dei andre vart så skremde at dei visste ikkje kva dei
skulle gjera. Men handelsmannen tok til å syngja salma: Vår
Gud han er så fast en borg. Og då han kom til tredje verset,
laut hunden ut. Då var han så stor vorten at det var med nauda
han kom ut døra.