Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Det var ein prest i Drangedal som heitte Top(?). Han hadde umgang med bergfolki og sa det var dei snildaste grannar ein kunde hava. Dei laante gars-gogn av einannan. So var det ein gong ein tussegut kom att med ei aakerhorv. Presten spurde daa guten kva nasjon han var av. "Eg skal faa bror min hit, han er prest". Tussepresten kom, og dei sat heile natti og disputera. I det gamle testamente forgjekk tussepresten hin, men i det nye testamente kunde han ikkje noko. Daa vart tussane burte og dei saag dei aldri meir sidan.
Informasjonom sagnet og kilden