Tilbake
Sitering
Kort referanse
Kortspel. Norske sagn, ID 52901. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52901
Utvidet referanse
Kortspel. Norske sagn, ID 52901. ML category: ml3015 (Fanden i kortlaget). Collector: Sigurd Nergaard. Place: Stor-Elvdal. County: Hedmark. Archive signature: NFL 11, s.182. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52901 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52901/
Kortspel
NORSK ORIGINAL
Kortspel.
Paa Hirhalsen hadde 4 karar sett seg til aa spela kort ein julkveld. Dei for og
drakk attaat, og med det leid paa, vart dei litt ustyrlege. Best dei sat slik,
kom det ein som mann som ingen kjende. Han helsa som vanleg og vart daa beden innpaa. Aa han skulde ikkje sitja hell, men gav seg likevel til aa staa og sjaa
paa, og med det leid paa, bad han um aa faa vera med. Ja, han vart med, og drakk
og prata han som dei andre, og dei tykte det var ein hugsam kar dei hadde faatt
med seg. Med dei heldt paa som best, datt det ned eit kort for ein, og han
bøygde seg ned og skulde ta det upp att. Med det same skunda framandkaren seg og
drog aat seg føtene; men likevel saag den andre det eine foten var ein hestefot.
"Min i jøssenam!" sa mannen for seg sjølv under bordet. Den framande reiste seg
braatt og gjekk paa døra med ein gong utan aa segja eit einaste ord. Men der
vart det braat slutt med kortspelet, daa dei andre fekk vita kva det var for ein
mann som hadde vore med deim.
Det kom ein slik ein og slo seg med ein sundagskveld i ett kortlag aust i
Engerdalen og. Der gjekk det og paa same maaten. Det var ein som bøygde seg ned
etter eit kort, og so fekk han sjaa hestfoten. Han sa og "jøssenam", og daa
strauk karen paa døra. Men der laag det att ein hestsko paa golvet der, etter
den framande hadde gaatt.
Der vart det og braatt slutt med kortspelet.