Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53253. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53253
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53253. ML category: ml4055 (Sjøvetter varsler storm). Collector: Knut Strompdal. Place: Helgeland. County: Nordland. Archive signature: NFL 19, s. 131f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53253 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53253/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Ein mann frå Emålsøy i Tjøtta brukte å ro sumarfiske i Nord-
vær. Segni segjer at gamalt budde det ei Bornholm-Kjersti og
mannen hennar i Nordvær. Mannen hennar var frå Salhus på
Nordsømna, og dei vart kjende i Bergen. Han sa at han åtte
ein storgard på tjuge naut; men hadde ho havt pengar nok, så
hadde ho nok flytt sørover straks då ho fekk sjå heimstaden. Dei
var dei første fastbuande på øyane der. Sidan vart det sett upp
rorbuer for fiskarar som overnatta der ute. Eingong var atter
denne mannen frå Emålsøya der ute. Og som han ein dag var
ute på sjøen, fekk han sjå ein mann som skaut upp av sjøen, og
han ha' vott på berre ei hand. Tjøttamannen kasta då ein av
sine vottar til honom. Ei tid etter då han atter låg utpå og fiska,
fekk han igjen sjå mannen skyta upp av sjøen. "Høyr, di mann,
som votten gav, drag upp ditt snøre og ro herifrå, dæ dundrar
i hav og det revnar i sky, å huff for eit ver det bli," sa han.
Fiskaren rodde straks på land; hadde han ikkje det gjort, hadde
han utan tvil stroke med i uveret som kom straks etter. Folk
trudde det var ein havmann han hadde set.