Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 52903. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52903
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 52903. ML category: ml3015 (Fanden i kortlaget). Collector: Andreas Mørch. Place: Sigdal. County: Buskerud. Archive signature: NFL 27, s.55f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52903 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52903/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Det var på ein gard uti bygda. Der var døm så fæle til å
spella kort. Ein søndag gikk mann og kjæringa til alters. Om
kvelden satt døm der og spella kort att. Både mann og kjæringa
var med.
Da banka det på døra uti svala. Kjæringa gikk stad og
skulde sjå hå det var for noko. Da var det ein fin herremann.
Han bad om han kunde få snakke med mann hennas. Ho gikk
da inn og snakka om det til mann sin, og han gikk ut. Denna
herremann spurte om han kunde få vera med inn og få et slag
kort, han og.
Ja, det skulde han så gjerne få lov til, og han vart med
Så klemte døm til å spella att. Men, døm fekk noko anna
å tenke på. Denna fremmenkaren vant støtt. Han spella tå
dessan andre alle pengane døm åtte, døm banna og let ille for
det døm tapa så.
Da datt det ein kort på gølvet. Mann i huset bøgde sei ned
og skulde ta 'n oppatt. Døm satt og spella ved et slikt gammal-
dags bord. Det var tre små bein som var festa til ein kubbe som
bar plata. Denna kubben var skøri til så han var vridd som
ein korkeskruve.
Da nå mann skulde ta opp denna korten, fekk'n sjå noko
han ikkje hadde venta. Der satt denna fine mannen og hadde
krøkt kløane sine om kubben under bordet. Da skjønna dom
håkken det var døm spella i lag med.
Døm vilde bli kvitt'n, kan du veta. Døm både gret og bad
at han måtte gå, men han hadde sett sei på ein krakk ved peisen,
og vilde ikkje ut.
"Di har bede mei inn her sjølve, og je går ikkje," sa han.
Følk prøva alle rådir. Døm var etter presten, men han hadde
inga makt over'n. Til slutt kom døm på at døm skulde fåt fatt
i Røkenpresten. Da han hørte at døm skulde ha fatt i han,
sa han at mot denna Røkenbikkja kunde han ikkje stå sei. Men
han vart sittande likevel.
Så kom Røkenpresten. Da vilde den vonde gå tå sei sjøl.
Men nei, det skulde han ikkje få lov til. Han skulde gjennom
nykelpipa i døra. Han bad så fint å få sleppe det, men presten
gav sei ikkje. Den veigen måtte'n. Men det vart nok fælt til
leven, det både gvein og peip om'n da han for ut.
Sia var døm kvitt'n au.