Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 52905. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52905
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 52905. ML category: ml3015 (Fanden i kortlaget). Collector: Ragnvald Mo. Place: Salten. County: Nordland. Archive signature: NFL 37, s.68. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52905 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52905/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
I ei rorbu i Lofoten gjekk det so villt til med kortspeling.
Han som hadde tillsyn med bua, reiste heim til kvar helg. So-
leis fekk dei andre i bulaget rå seg nett som dei lysta. Og oftast
heldt dei det gangande natta på sin tamp.
Men no var det ein ung glunt i dette bulaget; han brukte
ikkje vera med ved kortbordet; men han sat no jamnast og såg
på frametter. Ja, so var det ein laurdagskveld han sat slik og
hengde framover koikanten. Då var det ein som slepte eit kort-
blad i golvet. I det same han lutte seg ned etter det, la han til
å ropa: "Da sit ein hund innpuinn bore!" Dei andre såg no
hunden, dei òg; han var kole svart. Og upp frå bordet bar det
med dei, og på dør. Men i denne styren kom dei til å velta
over lampa. So glunten vart sitjande åleine i myrkret. Han
vart no so redd, han, at han fekk eit hjartemein; og dette fylg-
dest med so lenge han levde.