Tilbake
Sitering
Kort referanse
Sjøormen og havhesten. Norske sagn, ID 53769. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53769
Utvidet referanse
Sjøormen og havhesten. Norske sagn, ID 53769. ML category: ml4085 (Havhest og sjøorm i kamp). Collector: Svale Solheim. Place: Karmøy. County: Rogaland. Archive signature: NFS Svale Solheim 1, s.12. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53769 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53769/
Sjøormen og havhesten
NORSK ORIGINAL
Sjøormen og havhesten
Sjøormen og havhesten var uvener. Folk trudde at havhesten hjelpte dei mot sjøormen.
Bestemor mi fortalde ei segn um sjøormen og havhesten.
Ein gong Fertingstadkarane skulde på sjøen og fiska, vart dei ute for sjøormen. Han hadde lagt seg so lang han var langs landet og stengde heile strandi, so båtane ikkje kunde koma ut på fiskeplassane. Der stod fiskarane heilt rådlause; fisken stod tjukt på fiskegrunnane, det visste dei, men dei kunde ikkje koma framum sjøormen. Kva skulde dei vel gjera? - Endeleg slo nokre karar seg saman og lova å gjeva ein dale til spitalen i Stavanger for å få sjøormen burt.
Ikkje før hadde dei gjort denne lovnaden, før dei såg havhesten kome symjande inn frå havet. Og so bar det laust med ein fælsleg strid millom han og sjøormen. Striden stod på ei lang stund, og sjøen var raud av blod so langt dei kunde sjå. Folk kunde ikkje for vel sjå kven som vann basketaket. Men ei tid etter dreiv det i land ein hestehov, og den var so stor som eit skjeppemål, so dei skyna at havhesten hadde fått eine foten sin avriven i striden. - Men sjøormen munde ha misst livet, for folk vart aldri sidan plaga av han der i bygdene.