Tilbake
Sitering
Kort referanse
Fanden i kortlaget. Norske sagn, ID 52906. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52906
Utvidet referanse
Fanden i kortlaget. Norske sagn, ID 52906. ML category: ml3015 (Fanden i kortlaget). Collector: Harald Bahr. Place: Rogaland. County: Rogaland. Archive signature: NFS Harald Bahr 3, s. 8. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52906 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52906/
Fanden i kortlaget
NORSK ORIGINAL
Fanden i kortlaget
På Stensrud [?] i Kvildal sad der ei Nott tri Karar å spela Kort. Bedst så dæ va kom der ein in å sett seg te spela me dei å dæ va fæle Kar te spela, for han vann støt. Men så va der ein av dei tri, så møssa ne eit Kort, å me dæ at han luta seg ne å tok de opatt, såg han at den fremmena Karen hadde Klør på Føtann, å då blei han så forfæra at han sa "i Jesu Namn". Men me dæ sama han sa dæ laut hin fara, å han for beint ut igjøno Væggjen, der han sat.
Ein ønnur Gång sat der nokon å spela Kort på Ivarsflåto; dæ e ein Plass så liggje tværs øve Vatne frå Kvildal. Bedst så dei sat – dæ va mørke Notto – pikka de på Døro. Dæ va då ein tå dei, så gjekk ud å sku sjå. Dæ va så mørkt at han såg ingjen Ting, men me dæ same han kom ud va der noko så fabna kring han å dro han tæt ind te seg, å dæ va så mjukt så Silkje, så dæ hekk fast i Hendå på 'n. Då vore han ræd Karen å for inatt å fortelte de me dei andre, å fælne vart dei adle, for dei tottest veta kem de va. Å så sluta dei me Korto på Timen.