Tilbake
Sitering
Kort referanse
Dei spela kort i kyrkja. Norske sagn, ID 52907. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52907
Utvidet referanse
Dei spela kort i kyrkja. Norske sagn, ID 52907. ML category: ml3015 (Fanden i kortlaget). Collector: Knut Strompdal. Place: Velfjord. County: Nordland. Archive signature: NFL 44, s.69f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52907 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52907/
Dei spela kort i kyrkja
NORSK ORIGINAL
Dei spela kort i kyrkja.
I gamle dagar då dei hadde berre småbåtar dei fór til Lofo-
ten på, så laut dei setja opp båtane og få hus på land om net-
tene. Ein gong var det nokre som kom til ein stad det var samla
så mange fiskarar før, at det var ikkje anna losji å få enn ei
kyrkje dei fekk lov å liggja i natta over. 0g det ville ha gått
godt, om det ikkje var nokre som hadde teke til å spela kort.
Men best det var, fekk dei sjå Gamlingen sjølv koma inn kyrkje-
døra. Kortspelet slutta på augneblinken, og alle sat dei der
skremde. Men så var det ein kall som tok til å syngja salma:
Vår Gud han er så fast en borg. Og då han kom til strofa:
Vil du hans navn få vist, han heder Jesus Krist, då snudde Gam-
lingen og fór ut døra att.