Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

På Fjellskogen var det ei hulder som kom springande inn i koia til ein tømmerhoggar. "Ta børsa di og skjyt åver mæ!" skreik ho til mannen. Men denne ville ikke gjera det. Da tok ho til å gråte og sa: "Da får dom tak i mæ dom som er etter med hunda sine - " Ho sette så ut att gjenom koiedøra det snøggaste ho vann, så karen såg hossen den lange rompa slong under stakke- kanten hennar. Ikkje lang stunda etter fekk tømmerhoggaren høyre hundeglam, og strast etter så small det. Han gjekk da ut og eit stykke innover skogen. - Da møtte han tri karar som kom berande med huldra på ei stong. Det lange håret hennar nådde heilt nedpå bakken.
Informasjonom sagnet og kilden