Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 52908. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52908
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 52908. ML category: ml3015 (Fanden i kortlaget). Collector: Halldor O. Opedal. Place: Kinsarvik. County: Hordaland. Archive signature: NFL 67, s.116. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52908 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52908/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
I Bukken var der eit agalaust liv. Der drakk dei, og der
spela dei kort. Ofte sat gamlingen under bordet og tok
opp alle korti som datt på golvet, hjelpte til med spelet.
Men kløveren laut han lata liggja, han fælte for krossen.
- Ein gong sku nokre karar setja seg til, men så fann
dei ut at dei vanta ein mann i kortlaget. Best som dei
rødde om dette, steig det ein kar inn i stova. "No kje'mu
du so du va kadla," sa dei, "ska du væ mæ pao ait slag
kort?" Jau, det ville no karen meir enn gjerne.
Om eit bel vart dei vise med at kløveren for til å
skjerja - og då dei sku sjå til, låg han under bordet,
framfor føtene åt framandkaren. Og føtene hans åtte klør!
Då smette dei seg ut, den eine etter den andre, for dei
skjøna at det var hinmannen.
Og det fekk han no snart vismun om, gjestgjevaren òg,
for hinmannen fór og regjerde som han ville riva ned heile
huset. Bar då gjestgjevaren inn ei rugtunne og sa: "Her
ska du få arbei! Tel no kodnene!" Jau, hinmannen sette
seg til å telja, og nett før han var ferdig, kom det ein prest
og batt han.