Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Det var ein gong ei kjerring som var paa stølen. So hadde ho med seg ein liten gut. Ein dag hadde ho kokt graut, kjerringi. Guten, som var sonen henne, vilde faa skrapa gryta. Med han heldt paa med det, kjem det inn ein liten gut te dei. Det skulde alltid vera ein haugaunge, det! "Faar è skrapa gryta, è, med", sa 'n. Men guten aat budeia vilde ikkje det. Han tok ein traad og batt over veslefingen aat haugaungen og inn i grytehødda. Det var endaa høgre handi han batt fast, so han ikkje skulde faa skrapa, daa maata. Daa høyrde dei det skreik so sterkt burti ein haug: "Fatte, kom att no!" sa det. "Fatte sit bunden!" svara guten. Budeia tok og løyste han att daa ho høyrde dette. Ho vart vel redd, vil eg tru. Og med ein gong vart guten burte. -
Informasjonom sagnet og kilden