Tilbake
Sitering
Kort referanse
Hulder-Linden. Norske sagn, ID 52952. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52952
Utvidet referanse
Hulder-Linden. Norske sagn, ID 52952. ML category: ml6020 (Takknemlig huldrekone (Barnelinden)). Collector: Olav Rekdal. Place: Romsdal. County: Møre og Romsdal. Archive signature: NFL 30, s. 87. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52952 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52952/
Hulder-Linden
NORSK ORIGINAL
Hulder-Linden
På Unjemsetra (Isfjord) sat det ei hulder og linda un-
gen sin inni seterbua ein gong. Men so kom setertausa so
brått inngjenom døra at huldra ikkje fekk med seg linden
sin, når ho skulde kome seg vekk.
Men setertausa forstod med ein gong ho fekk sjå linden,
kven som hadde vore der. Og ho tok ein lurk og karda lin-
den pent utu vegen for seg - ho torde ikkje ta ti'n med
fingrom, for det kunde vorte til ulukke både for henna og
for huldra. Ho gjekk ut att snaraste ho kunde, so at ho som
åtte linden kunde få kome og hente han att.
Når setertausa let opp døra og gløste inn ei rid etter,
var linden vekk-komen - men eit sylvstaup var sett der
i staden.