Tilbake
Sitering
Kort referanse
Frå Hessdalen. Norske sagn, ID 52957. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52957
Utvidet referanse
Frå Hessdalen. Norske sagn, ID 52957. ML category: ml6020 (Takknemlig huldrekone (Barnelinden)). Collector: Jens Haukdal. Place: Gauldalen. County: Sør-Trøndelag. Archive signature: NFL 87, s. 74. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52957 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52957/
Frå Hessdalen
NORSK ORIGINAL
Frå Hessdalen.
Kona på ein av Vårhusgardane var innetter til sætra ved
Øiungen ein vår og skulle ordna til flyttinga. Da ho kom til
sætra, sat det ei kone inne i bua og linna ein unge. Det var
ei tusskjerring. Ho vart så forklumsa og tok ungen med seg
og sprang ut. Eit klæplagg vart liggjande att. Vårhuskona
tok klæplagget på ein kjepp og kasta det ut etter tusskjerringa.
Ho var ikkje redd av seg og gjekk i gang med å ordna opp
i bu og mastu.
Da det vart kveldstid stengde ho døra og la seg. Men første
natta kom det ei lita, nett geit inn i bua. Ho var så velskapt
og fin og hadde ei lita ringe (bøtte) på honna.