Tilbake
Sitering
Kort referanse
Ei huldre mor. Norske sagn, ID 52959. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52959
Utvidet referanse
Ei huldre mor. Norske sagn, ID 52959. ML category: ml6020 (Takknemlig huldrekone (Barnelinden)). Collector: Torkell Mauland. Place: Skåre. County: Rogaland. Archive signature: NFL 17, s. 91. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52959 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52959/
Ei huldre mor
NORSK ORIGINAL
Ei huldre mor
Paa Veste eller ein annan gard i Skaare kom kjerringi i
huset ut i kjøken ein morgon tidleg og skulde kveikja ljoset.
Daa fekk ho sjaa ei huldrekjerring som sat i gruva og reivde
paa ungen sin. Med same husmori kom, reis huldre-kjerringi
upp og gjekk sin veg, - og ut kom ho, enda husmori kunde
ikkje sjaa at ho lét upp døri.
Med same huldri reiste seg, sleppte ho ned linden, so han
vart liggjande paa golvet. Daa ropte kjerringi til henne: "Tak
upp linden din, kona!" Men huldri svara ikkje og saag ikkje til
leds ein gong, berre gjekk. Husmori tok ein byrtekjepp og
skvette linden uppi gruva. Sidan gjekk ho inn-att og lagde seg.
Seinare paa morgonen, daa det hadde ljosna so mykje at
ho kunde klara seg med dags-ljoset, stod ho upp att og gjekk
ut i kjøken. Det fyrste som ho saag etter, det var linden; men
han laag ikkje lenger i gruva; men paa den same staden laag
eit gildt sylv-belte. Det kunde ho skyna skulde vera ei gaava
til henne, og ho tok det til seg. Det same sylv-beltet skal vera
der paa garden den dag i dag.
- Ei onnor forteljing um det same segjer at det var i eld-
huset, og at det var budeigjo som fekk ei sylgja av di ho hadde
berga plagget aat huldri.