Tilbake
Sitering
Kort referanse
Paa Holbekkmoen. Norske sagn, ID 52960. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52960
Utvidet referanse
Paa Holbekkmoen. Norske sagn, ID 52960. ML category: ml6020 (Takknemlig huldrekone (Barnelinden)). Collector: Sigurd Nergaard. Place: Tolga. County: Hedmark. Archive signature: NFL 11, s. 232. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52960 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52960/
Paa Holbekkmoen
NORSK ORIGINAL
Paa Holbekkmoen
hadde dei eit kuslag som skulde ha kome unda hulderkyr, ja
det skal vera taa det slaget enno. Det fall seg slik det kom
eit kvinnfolk aat budeia ein kveld paa haustsætra og bad um
aa faa løysa upp ungen sin. Ja, det fekk ho. Sæterkulla saag
full kva det var for slag menneskje; men ho sa ingen ting
like vel. Daa so detta kvinnfolket hadde gått att, laag det
ein klut paa muren, ho hadde gløymt aav. Ho tok kluten paa
brandstauren ho og bar ut paa vollen.
"Her ha' du glømt att no slag," sa ho, og so gjekk ho inn
att.
Daa ho kom aat fjøset um morgonen, stod det 12 svære
geiter bundne der.
Ho forstod det var ei gaave fraa huldra, for di ho hadde
vore so var med barnekluten um kvelden, og tykte dette var
svære ting.
"Min eg hadde no helder villa hat e ku, eg," sa ho for seg
sjøl. Ho hadde ingen tanke um det huldra skulde høyra detta.
Men ho fekk ku. For næste morgonen daa ho kom aat fjøset,
var gjeitene burte, og i sta'n stod det ei stor, svær, brandute
ku med bjølle og alt saman. Ja, ho hadde kua, det vart bjøll-
ku, og sette paa alle kalvane etter henne, for det var eit make-
laust kuslag.