Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Ein stad va' da ei kjering som hade tenkt seg te ottesong juledags morgonen. Då kjeringja vakna høgst å natt vart ho vare at da brann ljøs i kirkjenne. Ho tykte nok at presten hade vore tidleg på fotå, men ho skunda seg då for ho vilde gjerne nå preikå. Då kjeringja kom inn før døra haure ho som ein lang, djup sukk. Ho fann sessen sin, men ho tykte da va' so underleg døkkt og stilt i kirkjenne. Presten stod for altara, men ho vilde ikkje retteleg dra kjensl på 'nå. Då ho sku' te sjå betre itte, kjende ho atte Gamlepresten som hade legje unde' torvenne i månge år. Kjeringja to te sjå seg ikring. Sume kjende ho og sume ikkje. Då såg ho i stole attemæ' seg ei kone som ho vel skulde kjenne. Da va' grannekonå hinna som va' greva for månge, månge år sida'. Grannkonå nikka og ota seg attåt i benkja og kviskra stilt at no måtte kjeringja sjå te kome seg darifrå meda' da' endå va' tid. Når presten va' fær'ige, va' dei da og. Men ho måtte endeleg hugse på te løyse på klædå. Kjeringja let seg da ikkje seie tvo gongje'. Men ho va' 'kje før koma utfor kirkjedøra før hittfolkje va' itte 'ne. Kjeringja språng og hine att i veia. Dei fremste nappe 'ne i klædå, men kjeringja fekk dei ikkje fat i. Ho hade gjort so' grannkonå hade sagt, løyst på klædå, og klædelause kom ho seg endeleg i hus og fekk atte døra.
Informasjonom sagnet og kilden