Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 52967. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52967
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 52967. ML category: ml4015 (De dødes messe). Collector: Hallvard Lid. Place: Telemark. County: Telemark. Archive signature: NFS Hallvard Lid 3, s. 8ff. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52967 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52967/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Ei kone som var heime frå ein gard i Kvitseid, kom ein gong for tidleg til ottesongen i Kvitseidkyrkja, og då råka ho saman med fleire daudingar – og millom dei ei av systrane sine, og ho sa: "Me er draugar, og no må du akta deg for bestefar; for sjå kor vreid han er, og orsaki til det er, at du ikkje hev reist han uppatt (kalla nokon av borni etter honom). No vil han drepa deg; men du lyt sjå å koma heim so snøgt som råd, og når han etter vegen kjem deg altfor nær, lyt du fyrst kasta trøya – so belte – og til slutt forklædet, og kann du på den måten få seinka honom so mykje at du slepp heim, er du frelst."
Kona sprang og gjorde som syster hennar hadde sagt. Bestefaren stogga ved kvar ting ho kasta - og han klemde det innåt seg. – Men då kona hadde lang veg heim, greidde ho ikkje å halda seg undan; men han fekk tak i henne,- og då klembde han henne so hardt at ho døydde tvo døger etter.