Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Gamalt var det to brør som ville læra å spela. Og dei tok med seg kvar si fele og kvar sitt fenalår og gjekk til Buåfallet, for der heldt nykken til. Den eine karen var så svolten og difor så gnog han tå fena- låret sitt. Da karane kom til Buåfallet, så kasta dei saulåra uti. Ikkje så lenge etter steig nykken opp tur vatnet. Og han gjekk bort til karane og tok på fingrane deira. Og spelmenner vart dei, men han som hadde ete tå kjøttlåret vart ikkje nåme nær så god som broren sin.
Informasjonom sagnet og kilden